Hopp til innhald

Frikk Heide-Steen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frikk Heide-Steen
Fødd2. juli 1988 (36 år)
FødestadBærum i Akershus i Noreg
FødenamnFrikk Heide-Steen
OpphavNoreg
InstrumentVokal
Verka sommusikar
MorGullen Øyehaug
FarHarald Heide-Steen jr.

Frikk Heide-Steen (fødd 2. juli 1988 i Bærum) er ein norsk songar og dirigent. Han er son til komikaren Harald Heide-Steen jr. Han er utdanna ved Bårdar Akademiet og Norges Musikkhøgskole. Heide-Steen ar musikalsk erfaring frå ulike sjangrar, frå klassisk til jazz, pop, musicals og elektronisk musikk (EDM). Han har medverka på fleire plater, og er tilsett som dirigent for NRKs guttekor Sølvguttene.[1]

Eurovision

[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 2014

[endre | endre wikiteksten]

Frikk Heide-Steen deltok med singelen «Frozen By Your Love» i den fyrste semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av TIMBRE, under namnet Anders Bratterud, og Andrew Bullimore, og vart framført på engelsk av TIMBRE, Frikk Heide-Steen og Ida Stein. Bidraget vart det fyrste i sjangeren house sidan Melodi Grand Prix vart starta i 1960.

  1. «Kontaktinformasjon», Sølvguttene (på norsk bokmål), 25. februar 2011, henta 8. desember 2019